Annonse

Japan: Høgaste inflasjon sidan 2014

Inflasjonen i Japan enda på 2,8 prosent i august, det høgaste nivået sidan 2014.

Førre gong inflasjonen var så høg, var då prisnivået vart oppjustert som følgje av auke i meirverdiavgifta.

Tal frå innanriksdepartementet i Tokyo viser at det er elektrisitet, gass og bensin som er blant dei viktigaste årsakene til prisveksten.

Inflasjonen i august var så vidt over prognosane til ekspertane, som var på 2,7 prosent.

I juli var inflasjonen på 2,4 prosent.

(©NPK)

Ein må tilbake til 2014 for å finne like høg inflasjon i Japan som landet registrerte i august i år. Biletet er frå ei handlegate i bydelen Asakusa i Tokyo. Arkivfoto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

Annonse