Annonse

Økonomisk nedgang i Japan

Den japanske økonomien krympa med 1,6 prosent i fjerde kvartal. Ein momsauke og ein kraftig tyfon bidrog til det største BNP-fallet på over fem år.

Styresmaktene la måndag fram nye tal som viste at Japans bruttonasjonalprodukt (BNP) minka med 1,6 prosent frå tredje til fjerde kvartal.

Hadde nedgangen halde fram i denne takta gjennom eit heilt år, ville Japan vore inne i ein resesjon med eit samla BNP-fall på 6,3 prosent.

Nedgangen var større enn økonomar hadde venta på førehand. I månadene framover er det bekymring for dei økonomiske konsekvensane av virusepidemien som oppstod i Kina.

Viktige årsaker til nedgangen i Japan i fjerde kvartal var ein auke av momsen og tyfonen Hagibis. Uvêret i oktober kosta over hundre menneske livet og førte til store materielle skadar.

Fallet i Japans BNP førre kvartal er det største sidan andre kvartal i 2014.

(©NPK)

Japans bruttonasjonalprodukt i siste kvartal i 2019 minka med 1,6 prosent. Illustrasjonsfoto: Eugene Hoshiko / AP / NTB scanpix