Annonse

Japanske medium: Mann starta mordbrann som hemn

Mannen som er mistenkt for å ha starta mordbrannen i Kyoto i Japan, skal ifølgje japanske medium ha gjort det for å hemne eit påstått bokplagiat.

Den 41 år gamle mannen skal ha meint at ein roman han har skrive, har vorte plagiert av animasjonsstudioet. Mannen overlevde brannen og er innlagt på sjukehus.

Japanske medium har tidlegare meldt at det tyder på at brannen, som tok livet av 33 menneske, var planlagt.

Augnevitne har fortalt at han storma inn i bygningen, ropte «de skal døy» og helte brennbar veske på golvet før han tende på.

Nyheitsbyrået NHK har skrive at bensinkanner, kjøkkenknivar og ein hammar vart funne i nærleiken av studioet. Ein mann skal òg ha vorte observert i nærleiken av ein bensinstasjon med to 20-literskanner med bensin.

74 personar skal ha vore inne i bygningen då brannen braut ut. Brannen er den dødelegaste i landet sidan ein brann i 2001 i Tokyo.

Fredag morgon har fleire lagt ned blomster ved den no utbrente bygningen.

(©NPK)

33 menneske omkom i brannen i eit animasjonsstudio i Kyoto i Japan torsdag. Foto: AP / NTB scanpix