Klargjør siden...

Jarle Andhøy må i retten igjen

(NPK-NTB): Eventyraren Jarle Andhøy må endå ein gong møte i retten etter ein segltur til Antarktis i fjor utan norske godkjenningar.

Andhøy blei i februar i år frifunne av Nord-Troms tingrett, men påtalemakta anka frifinninga, og no har Hålogaland lagmannsrett avgjort at anken skal behandlast, melder NRK.

Bakgrunnen for saka er Andhøys ekspedisjon til Antarktis med seglbåten Berserk i mars og april i fjor. Ekspedisjonen blei ikkje meldt inn for Norsk Polarinstitutt, men Andhøy mente sjølv han hadde løyve frå Argentina.

Påtalemakta påstand i tingretten var 30 dagars fengsel på vilkår og ein bot på 45.000 kroner.

Jarle Andhøy er to gonger tidlegare bøtelagt etter ekspedisjonar til Antarktis. (©NPK)

Annonse