Annonse

Jehovas vitne klagar på statstilskot-nekt

Jehovas vitne klagar Statsforvaltarens avslag på statstilskot inn for Barne- og familiedepartementet.

I januar vart det kjent at Statsforvaltaren nektar Jehovas vitne statstilskot for 2021 på grunn av eksklusjonspraksisen deira.

Jehovas vitne varsla raskt at dei ville anke tilskotsnekten og grunngir det mellom anna med at «deira tru og religiøse praksis fullt ut respekterer andres rettar og fridom».

Jehovas vitne meiner mellom anna at Statsforvaltaren ikkje har gjennomført ein rettferdig og upartisk prosess, og at avgjerda om å nekte trussamfunnet statstilskot for 2021«diskriminerer og stigmatiserer over 12.000 Jehovas vitne i Noreg».

Det seier Fabian Fond, kommunikasjonssjef i det skandinaviske pressekontoret til Jehovas vitne, til Vårt Land.

– Klagen forklarer tydeleg korleis den religiøse trua og læra vår fullt ut respekterer rettane og fridommen til andre. Denne avgjerda ignorerer rettane individ, inkludert modne ungdommar, har til trusfridom, og ho undergrev retten foreldre har til å gi rettleiing og religiøs opplæring til barna sine, skriv Fond i ein e-post til Vårt Land.

(©NPK)

Avgjerda om å nekte trussamfunnet statstilskot for 2021 «diskriminerer og stigmatiserer over 12.000 Jehovas vitne i Noreg», meiner Jehovas vitne. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse