Klargjør siden...

Jens Johan Hjort ny leder av Advokatforeningen

(NPK-NTB): Representantskapet i Advokatforeningen valde torsdag den tidlegare Tromsø-ordføraren Jens Johan Hjort (53) til ny leiar etter Erik Keiserud.

– Det er rett og slett stort! Å skulle leie Advokatforeningen i tida som kjem er kjempespennande, seier Hjort til Advokatbladet.

53-åringen blei samrøystes valt.

– Det er vår oppfatting at vi har hatt mange kvalifiserte kandidatar som vi har vurdert, seier valkomiteens leiar Sigurd Knudtzon.

Hjort er utdanna advokat. Han var ordførar i Tromsø kommune frå 2011 til 2015. (©NPK)

Annonse