Klargjør siden...
Annonse

Jensen om svensk integrering: – For enkelt å skulde på skulepolitikken

(NPK-NTB): Fritt skuleval har vore øydeleggjande for integreringa i Sverige, meiner den svenske økonomiprofessoren John Hassler. – For enkelt, meiner finansminister Siv Jensen (Frp).

Partiet hennar er for fritt skuleval, og Jensen avviser analysen til leiaren for Sveriges finanspolitiske råd, som ho fekk høyre under eit seminar om innvandring og følgjene for økonomien og samfunnet.

– Vi har to grunnleggjande problem i Sverige som gjer integrasjonen vanskelegare. Det eine er at bustadmarknaden fungerer veldig dårleg. Det andre er at utdanningssystemet har gått i knas, seier Hassler.

Han fortel at innvandrartette område blant anna i Stockholm hadde gode skular, inntil regjeringa liberaliserte skulesystemet og innførte fritt skuleval. Konsekvensen har ifølgje professoren vore at ambisiøse og skuleflinke ungdommar har søkt seg vekk og dei skulane i det som i dag blir omtala som gettoar, har forfalle.

– Det er ei utruleg forflating av kva denne debatten handlar om, seier Jensen til NTB. (©NPK)

Annonse