Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ei åtte år gammal jente drog tysdag opp ein fem kilos laks frå Gaula i Sør -Trøndelag. På kroken hadde ho festa litt godteri.
npk@npk.no
Publisert: 23.06.2016 kl 13:15
Freistinga vart for stor for den fem kilo tunge ruggen då han såg lakrisbiten som Guro Haugen (8) hadde festa på fiskekroken sin.
Det tok berre ti minutt frå snøret var kasta ut til ho fekk napp – og laksen låg og sprella på land, med både krok og lakris i kjeften.
Det var tysdag at far og dotter drog på fisketur i Gaula, like ved der dei bur på Kotsøy i Sør-Trøndelag, skriv Adresseavisen..
– Ho ville grave etter makk, men vi hadde ikkje tid. Eg sa at det var nok med berre sluken, men ho meinte at fisken trengde noko godt. Vi hadde med lakris som vi skulle ete sjølv, og då fann ho ut at ho skulle prøve lakris på kroken, seier faren Bjørn Ivar Haugen.
Og lakris fungerte heilt etter planen, for kort tid etter fekk Guro, med litt hjelp frå pappa, den godtesjuke laksen på land.
Til avisa seier jenta at ho allereie gler seg til fleire fisketurar i sommarferien og at ho skal fortsette å ha lakris på kroken. Og neste gong håpar ho på større fangst.
– Neste gong håpar eg at eg får ein ... blåkval, seier den stolte åtteåringen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.