Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ei 16 år gammal jente er forsvunnen frå Moysand Familiecamping i Grimstad. Jenta vart sist sett tysdag kveld.
npk@npk.no
Publisert: 06.07.2016 kl 17:48
– Det var familien som melde henne sakna onsdag morgon, seier operasjonsleiar Ingrid Mæhre i Agder politidistrikt til NTB.
Jenta er 175 centimeter høg, ho har langt lyst hår i flette og ein blå topp med mønster, lang shorts og turkise sko. Utanpå har ho på seg ei grå fleecejakke, og ho ber kanskje på eit blått teppe, opplyser politiet.
– Ho er glad i dyr, og vi oppfordrar folk til å sjekke stallar, hesteinnheigningar og hundegardar i området Grefstad, Moysanden og Eskedal, seier Mæhre.
Ho understrekar at det ikkje er noko som tyder på at jenta er blitt lurt med av nokon.
– Vi har ingen indikasjonar på det, seier operasjonsleiaren.
Onsdag ettermiddag blir det søkt med politihund i området. Røde Kors og ei redningsskøyte er også kalla inn. (©NPK)