Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal og Birgitte Iversen): Den aukande arbeidsløysa på Sør- og Vestlandet fekk dei fire samarbeidspartia til å leggje all usemje til side og konsentrere innsatsen om ein ledigheitspakke.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 20:07
Noko overraskande for mange blei Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF samde om ein avtale om revidert nasjonalbudsjett alt ein time før fristen gjekk ut måndag ettermiddag.
Éin etter éin streka under dei finanspolitiske talspersonane at dei var sterkt samde om å prioritere den aukande arbeidsløysa, og at det difor var lettare å komme til semje denne gongen. Partane vil setje av ytterlegare éin milliard kroner til tiltak mot arbeidsløyse, på toppen av dei fire milliardar kronene som alt blei vedtekne i statsbudsjettet før jul.
– Det er ikkje mogleg å seie noko om kor mange arbeidsplassar det vil gje, men vi veit frå førre runde at over 98 prosent av dei løyva midlane gjekk akkurat til det dei skulle, seier KrFs finanspolitiske talsmann Hans Olav Syversen til NTB.
Avtalen legg òg opp til 400 nye studieplassar, av dei 200 til Sør- og Vestlandet. Den aukande arbeidsløysa blant unge møtes med eit auka lærlingtilskot, som skal tre i kraft frå 1. juli.
– Det har ikkje stått på Venstre. Vi la på bordet ei heilt reell innsparings- og omprioriteringsliste for å få ned oljepengebruken. Eg beklagar at vi ikkje klarte å bruke dette høvet til å sende ut eit viktig signal om at det er for lettvint å heile tida ty til meir oljepengebruk, seier Venstres finanspolitiske talsmann Terje Breivik.
Nokre løyvingar skuvast på til neste år, andre var ubrukte midlar som stod til overs. For eksempel 25 millionar kroner i underforbruk i allmennlegetenester, eller at kostnadene ved utbygging av E6 over Kvænangsfjellet blei 40 millionar kroner lågare enn venta. Finansdepartementets sekkepost «ymse» stod for ein firedel av inndekkinga.
Finanspolitiske talsmann i Høgre, Svein Flåtten, sa før forhandlingane var avslutta at det aldri før hadde vore så vanskeleg å finne inndekking.
– Vi har ikkje brukt ostehøvel. Vi har peikt ut enkelte ting vi mente kunne reduserast, og så har vi sjølvsagt halde oss unna kutt i alle ting som kan bidra til vekst og auka sysselsetting, seier Flåtten.
– Trass i aukingane ligg tiltaka mot arbeidsløysa framleis to milliardar under Arbeidarpartiets tiltakspakke som vi la fram i vårt alternative budsjett i fjor haust, seier Tore Hagebakken, som representerer Ap i finanskomiteen på Stortinget.
Han viser til ferske ledigheitstal frå Statistisk sentralbyrå måndag som viser at arbeidsløysa gjekk opp med 3.000 frå desember til mars. Arbeidsløysa er med det på 4,7 prosent, ifølgje dei sesongjusterte tala i arbeidskraftundersøkinga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.