Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kjededirektøren i Jernia valde å trekkje seg frå stillinga si etter at toppleiinga i Jernia fekk spelt av eit opptak der direktøren skjeller ut ein lokal butikkleiar.
npk@npk.no
Publisert: 13.05.2016 kl 14:29
Seansen vart tatt opp og opptaket levert til Dagbladet. Men før mediehuset har publisert noko som helst om Jernia-saka, tar kjedeleiaren konsekvensen og går av.
– Oppførselen til kjedeleiaren representerer ei uakseptabel leiing, og slik skal vi ikkje ha det i Jernia, seier administrerande direktør Ingar Steig Gunstad i ei pressemelding.
Dagbladet stadfestar at dei er i sluttfasen med ei sak om Jernia.
– Vi jobbar med ei sak rundt Jernia og arbeidsmiljø. Utover det, er det vanskeleg for meg å kommentere upublisert materiale, seier nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet til NTB. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.