Annonse

Jerry Seinfeld før regissørdebuten: – Filmbransjen er ferdig

TV-komikaren Jerry Seinfeld, som snart debuterer som filmregissør, seier i eit intervju at han meiner filmbransjen er ferdig.

– Film er ikkje lenger høgdepunktet i det sosiale, kulturelle hierarkiet, slik det har vore i mesteparten av liva våre, seier Jerry Seinfeld til bladet GQ i forkant av premieren på komedien «Unfrosted» på Netflix 3. mai.

– Når ein film hadde premiere, gjekk alle og såg han om han var bra. Vi diskuterte han, siterte replikkar og scener vi likte. No er det som om vi går gjennom ein brannslange med vatn og prøver å sjå, hevdar Seinfeld, som hevdar at det er forvirring og desorientering som rår i underhaldningsbransjen i dag.

– Alle eg kjenner i underhaldningsbransjen spør kvar dag «Kva skjer? Korleis gjer du dette? Kva er det meininga at vi skal gjere no?», seier Jerry Seinfeld i intervjuet, som blir sitert av mellom anna Variety.

– Heilt nytt

TV-veteranen er full av beundring for samarbeidspartnarane han møtte under innspelinga av «Unfrosted». Seinfeld skreiv manus, har regi, speler ei av hovudrollene saman med Melissa McCarthy og Amy Schumer, og er med på produsentsida.

– Det var heilt nytt for meg. Eg trudde eg hadde gjort verkeleg kule ting sjølv, men det var ingenting samanlikna med måten desse folka jobbar. Dei er utruleg seriøse, men har inga aning om at filmbransjen er ferdig, hevdar Seinfeld – som nyleg var å sjå i avslutningsepisoden til «Curb Your Enthusiasm» på TV.

Rivaliserande selskap

«Unfrosted» fortel, ifølgje Netflix, historia om den heftige kampen som gjekk føre seg på 1960-talet, mellom to rivaliserande selskap om eit revolusjonerande bakverk, kalla Pop-tart, i ei tid då mjølk og frukostblanding hadde regjert frukosten.

Seinfeld og McCarthy speler Kellogg's-sjefar medan Schumer er sjefen for Post, den argaste frukostblanding-konkurrenten. Også Hugh Grant står på rollelista saman med to standup-kjenningar til, Fred Armisen og Jim Gaffigan.

(©NPK)

Jerry Seinfeld filmregidebuterer med Netflix-komedien «Unfrosted», der han har med fleire standup-kollegaer på rollelista. – Publikum søkjer seg til standup fordi det ikkje kan forfalskast, seier han i eit nytt intervju. Foto: John P. Johnson / Netflix/ handout / NTB

«Unfrosted» går føre seg på sekstitalet og er ein komedie som skildrar kampen mellom Kellogg's og Post om Pop-Tart-frukostbaksten. Jerry Seinfeld og Melissa McCarthy speler Kellogg's-sjefar. Foto: John P. Johnson / Netflix/ handout / NTB

Stor glede på Kellogg's-kontoret i «Unfrosted». Her er Jerry Seinfeld og Melissa McCarthy saman med Jim Gaffigan og Fred Armisen, sistnemnde også noregsaktuell til hausten med standup. Foto: John P. Johnson / Netflix/ handout / / NTB

Hugh Grant står også på rollelista til «Unfrosted» – som frukostblanding-maskot for Kellogg's, som i filmen fryktar han skal bli arbeidsledig. Foto: John P. Johnson / Netflix/ handout / / NTB