Klargjør siden...

Jesu grav vert renovert for første gong på 200 år

(NPK-NTB-AP): Ein sjeldan avtale mellom kristne kyrkjesamfunn gjer at kammeret i Gravkyrkja der dei trur Jesus vart korsfesta, kan restaurerast for første gong sidan 1810.

Prosjektet for å reparere, styrkje og bevare det såkalla gravminnet i Den heilage gravs kyrkje i Jerusalem, starta måndag.

Katolske, gresk-ortodokse og armenske kristne har ansvaret for å bevare kvar sine seksjonar av kyrkja, og har i lang tid vakta sine respektive domene.

Rivaliseringa har gjort at gravminnet ikkje har blitt restaurert sidan 1810, då det vart oppattbygd i si noverande form etter ein brann. Det store behovet for å bevare gravminnet har no omsider fått vaktarane av kyrkja til å legge usemje til side.

– Vi vart i fellesskap samde om at den påkravde restaureringa var nødvendig, seier Samuel Aghoyan, øvste representant for den armenske kyrkja i Jerusalem.

Prosjektet har ein prislapp på rundt 28 millionar kroner, som vert delt mellom dei ulike kyrkjesamfunna.

Kyrkja vert rekna som eitt av dei mest heilage stadene i kristendommen. Men det har ikkje hindra prestane i Jerusalem frå å setje i gang bitre kranglar i kyrkja. I 2008 enda ein diskusjon mellom gresk-ortodokse og armenske munkar i slagsmål. (©NPK)

Annonse