Annonse

Joakim Reigstad blir NRK-korrespondent

Joakim Reigstad blir ny Norden-korrespondent i NRK, kanalens første sidan 2008. – Draumejobben, seier han sjølv.

– Eg er glad for at NRK viser meg tillit og gir meg denne moglegheita. Eg har eit ønske om å føre Norden tettare saman. Det høyrest ambisiøst ut, men eg håpar det er mogleg, seier Reigstad til kanalen.

Han tiltrer stillinga så snart som mogleg, med base i Stockholm. NRK har ikkje hatt ein korrespondent i eit av dei nordiske landa sidan 2008.

– Eg byrja i NRK omtrent samtidig som kontoret vart nedlagt, og sidan den gong har eg sett på det å jobbe i Norden som ein draumejobb. Eg går til jobben med stor entusiasme og engasjement, seier Reigstad. Han har laga nyheiter for nett, radio og tv, og har erfaring med å jobbe i Baltikum.

NRKs Norden-korrespondent har som ansvarsområde å formidle utviklinga i Sverige, Finland, Austersjøen-området, Danmark, Island, Grønland og andre arktiske problemstillingar.

– Han har brei kunnskap om nordiske forhold og stort engasjement for regionen, seier NRKs utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen om Reigstad.

(©NPK)

NRK gjenopnar kontoret for Norden med Joakim Reigstad som korrespondent.
Foto: Gorm Kallestad / NTB