Klargjør siden...

Jobbmoglegheit hos kronprinsparet

(NPK-NTB): Dei som har drøymt om å komme tett på dei kongelege, har sjansen no. Slottet har lyst ut ei fulltidsstilling som inkluderer ansvaret for kleda til kronprins Haakon, på reiser og heime.

– Vi har 100 prosent fast ledig stilling som huskoordinator i staben til kronprinsparet, som er ein del av Det kongelege hushald, heiter det i annonsen på kongehuset.no.

Arbeidsoppgåvene inkluderer planlegging og gjennomføring av arrangement hos kronprinsparet, det daglege hushaldet og altså oppgåvene som kammertenar for kronprins Haakon.

Naturleg nok vil mesteparten av denne jobben vere heime hos kronprinsfamilien på Skaugum i Asker, men det blir også oppgåver på kongelege eigedommar, statlege og private andre stadar, på kveldstid og i helger. Personen med ansvar for garderoben til kronprinsen er også med på reisene hans innanlands og utanlands. (©NPK)

Annonse