Jodel stengt for brukarar i Levanger
(NPK-NTB): Jodel har valt å stengje den omstridde mobilappen for bruk i Levanger på grunn av sjikane og mobbing.
Ifølge Trønder-Avisa har ungdom frå staden blitt uthengde og sjikanerte av anonyme brukarar på Jodel. No vert appen stengt for bruk i Levanger-området.
Jodel Team Norge har lagt ut ei melding der dei seier at anonymiteten ikkje gjeld brukarar som har posta ulovlege truslar.
– Vi tar dette på alvor og vil samarbeide med det norske politiet, heiter det.
Rektor Bjørg Tørresdal ved Levanger ungdomsskole er glad for avgjerda, og det same er politiet. Etterforskningsleiar Tor Klevmo seier at politiet så langt ikkje veit kven som står bak sjikanen.
– Vi har vore i kontakt med foreldre og med ungdomsskulen, men ikkje komme nærmare. Vårt ønske er at vedkommande melder seg til oss. Det som er ønskeleg, er ein dialog med vedkommande, seier Klevmo.
Onsdag blei fleire tusen elevar evakuerte frå skular på Helgeland på grunn av truslar sendt via den same appen. (©NPK)