Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP-Reuters): Ein jødisk lærar vart angripen av ein 15-åring med machete i Marseille i Frankrike måndag. Guten er tilhengar av ekstremistgruppa IS, ifølge påtalemakta.
npk@npk.no
Publisert: 11.01.2016 kl 20:00
Læraren fekk lettare skadar og forsvarte seg ved å sparke angriparen, som seinare vart gripen.
Den antatte gjerningsmannen er ein 15 år gammal kurdisk gut med bakgrunn frå Tyrkia. Han hevdar å ha utført angrepet for IS, opplyser påtalemakta.
I tillegg skal han ha sagt i avhøyr at han planlegg å drepe politifolk så snart han blir sett fri.
Den 35 år gamle læraren skal også ha brukt ei utgåve av Toraen, ei av jødanes heilage skrifter, til å forsvare seg mot angriparen. Frankrikes innanriksminister Bernard Cazeneuve kallar angrepet «brutal antisemittisk aggresjon». (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.