Klargjør siden...

Johannes Thingnes Bø sprakk på siste skyting

(NPK-NTB): Johannes Thingnes Bø kjempa om sigeren på normaldistansen i Ruhpolding heilt til siste skyting, men med tre bom forsvann den sjansen.

Han kom inn til ein 16.-plass etter å ha lege heilt i teten gjennom dei første tre skytingane. Han var feilfri både på første liggjande og ståande. Det vart ein bom på andre liggjande skyting, utan at det var noka katastrofe, men med tre bom på siste ståande skaut han bort alle moglegheiter på 20-kilometeren.

Dermed vart Erlend Bjøntegaard best av dei norske med sin niandeplass. Han hadde ein bom på kvar av dei ståande skytingane og var 2.04,5 minutt bak vinnaren Martin Fourcade i mål. Franskmannen klarte seg med ein bom og var 17, 5 sekund framfor austerrikaren Simon Eder på andreplass. Russiske Anton Sjipulin tok tredjeplassen.

Tarjei Bø enda som nummer 11, mens Lars Birkeland vart nummer 24. Emil Hegle Svendsen fekk det ikkje til verken i sporet eller på standplass og skuffa med 28.-plass, mens Ole Einar Bjørndalen vart nummer 43. Han klarte ikkje ein gong å sikre verdscuppoeng.

Kvinnene fortset med normaldistanse over 15 kilometer i Ruhpolding torsdag. (©NPK)

Annonse