Klargjør siden...

Johnny Rotten vil representere Irland i Eurovision

Den tidlegare Sex Pistols-vokalisten John Lydon syng om den demensramma kona si i eit forsøk på å bli Irlands bidrag i Eurovision.

Lydon, betre kjent som Johnny Rotten, deltek med bandet Public Image Limited, som han danna etter at pønkpionerane Sex Pistols gjekk i oppløysing i 1978.

Rikskringkastinga RTÉ karakteriserer låten «Hawaii» som «eit kjærleiksbrev til John Lydons kone, Nora, som han har vore gift med i nesten 50 år». Nora Lydon lid av alzheimer, og Lydon bruker songen til å reflektere over ei av dei lykkelegaste stundene til paret – i tropeparadiset Hawaii.

– Songen er mynta på alle som går gjennom vanskelege tider på livsreisa med personen dei bryr seg mest om. Han har også ein bodskap om håp om at kjærleiken til sjuande og sist overvinn alt, seier Lydon til RTÉ.

Public Image Limited er ein av seks artistar som skal delta i den nasjonale konkurransen i februar. Den 66 år gamle Lydon er frå London, men har foreldre frå Irland.

(©NPK)

John Lydon alias Johnny Rotten var i Noreg i juli 1977, då som vokalist i Sex Pistols. Her på Pingvin Club i Oslo.
Foto Henrik Laurvik / NTB / NPK

Annonse