Annonse

Jon Anders Helseth er død

(NPK-NTB): NRK-veteranen Jon Anders Helseth er død, 82 år gammal. Han var blant anna programleiar for Norsktoppen, Nitimen og Reiseradioen.

Helseth sovna stille inn i Asker fredag 19. februar, skriv Budstikka.

Då programmet Norsktoppen gjekk på lufta for første gong 20. januar 1973 var det med Jon Anders Helseth som programleiar. Han heldt fram som programleiar i tre år.

Seinare vart han også programleiar for både Nitimen og Reiseradioen, var involvert i Melodi Grand Prix-sendingar og skreiv tekstar til fleire norske artistar som spelte inn utanlandske slagerar i norsk språkdrakt.

Jon Anders Helseth hadde bakgrunn som sjømann før han tok cand.philol. med hovudfag i norsk ved Universitetet i Oslo. Han underviste ei tid ved Bjørknes privatskule der han hadde blant anna Wenche Myhre som elev.

I NRK jobba han tett med blant andre Vidar Lønn-Arnesen, Kjell Thue og Totto Osvold.

Helseth var enkemann og lèt etter seg to vaksne barn. (©NPK)