Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Halvparten av alle jordmødrer har vurdert å slutte i jobben på grunn av for dårleg bemanning og for stort arbeidspress.
npk@npk.no
Publisert: 08.03.2016 kl 11:54
Det går fram av ei undersøking Jordmorforbundet har fått gjennomført blant 900 medlemmer, ifølge NRK.
– Fleire stadar har fødselstala gått opp utan at bemanninga har auka tilsvarande. Vi er alvorleg uroa over auka arbeidspress og manglande bemanning, seier styremedlem i Jordmorforbundet Kristin Holanger.
I undersøkinga svarar 94 prosent at det hender dei har andre pasientar samtidig som dei har ansvaret for ein aktiv fødande og derfor ikkje klarer å oppfylle kvalitetskravet i fødselsomsorga.
58 prosent seier dei av og til, ofte eller svært ofte ikkje klarer å ha tilstrekkeleg overvaking av mora i fødsel. 40 prosent seier dei ikkje klarer å ha tilstrekkeleg overvaking av barnet.
Helse- og omsorgsdepartementet seier dei vil følgje opp saka i dialog med sjukehusa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.