Jordskjelv mellom Marokko og Spania

(NPK-NTB-Reuters): Eit jordskjelv med styrke 6,1 ramma måndag morgon i Middelhavet mellom Marokko og Spania, ifølgje det amerikanske jordskjelvsenteret USGS

Skjelvet skjedde klokka 4.22, 62 kilometer nord for den marokkanske byen Al Hoceima, og 164 kilometer aust-søraust for Gibraltar, ifølgje USGS.

Det vart følgt av eit etterskjelv med styrke 5,3.

I den første meldinga om skjelvet opplyste USGS at det er lite sannsyn for tap av menneskeliv eller øydeleggingar.

I 2004 vart Al Hoceima ramma av eit jordskjelv med styrke 6,3, som kosta 631 menneske livet.

Nyheitsbyrået Reuters melde først at skjelvet hadde ein styrke på 6,6 og brukte byen Malaga i Spania for målepunkt for kvar det ramma. (©NPK)

Annonse