Annonse

Jørn Andersen ny landslagstrenar i Nord-Korea

(NPK-NTB): Jørn Andersen er tilsett som ny landslagstrenar i Nord-Korea. 53-åringen har skrive under på ein eittårskontrakt, melder NRK.

Det er familien som bekreftar det overraskande valet overfor kanalen. Andersen skal allereie ha vore i Nord-Korea i tre veker.

Ifølgje Andersens familie ønskte Nord-Korea ein tysk trenar, og valet fall på Andersen som vart tysk statsborgar i 1993. Planen er at han skal byggje eit landslag fram mot neste VM. (©NPK)

Annonse