Klargjør siden...

Jotun trur veksten vil flate ut

(NPK-NTB): Jotun-konsernet er godt nøgd med resultatet etter dei fire første månadane i år, men ventar at veksten vil flate ut på grunn av tak for nybygging av skip og låg aktivitet innan offshoresektoren.

Driftsinntektene for første tertial i 2016 blei 5,48 milliardar kroner, 4,8 prosent meir enn i same periode i fjor. Driftsresultatet for perioden blei på 935 millionar, mens resultatet før skatt enda på 918 millionar.

I 2015 gav drifta eit overskot på 774 millionar kroner i første tertial, og resultatet før skatt blei 770 millionar.

– 2016 har starta bra og vi forventar gode resultat utover året. Decorative Paints har svært god vekst og sterke resultat, og Marine Coatings held fram med høg aktivitet, likevel med ei utflating i veksten. Innan Powder og Protective Coatings ser vi derimot ein lågare vekst, sjølv om lønsemda framleis er god. Alt i alt er vi godt nøgde med resultata så langt i år, skriv konsernsjef Morten Fon i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse