Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Ein journalist som i tingretten vart dømd til fire års fengsel for valdtekt av ein kollega, får no anken behandla i Borgarting lagmannsrett.
Publisert: 03.02.2023 kl 20:10
Overfor Medier24 stadfestar både forsvararen til mannen Mette Yvonne Larsen og bistandsadvokaten til kvinna Trine Rjukan at ankesaka får full behandling.
– Det er sjølvsagt. Dommen leid av store svakheiter, skriv advokat Larsen i ei melding til bransjenettstaden.
Bistandsadvokaten seier det er ei stor belastning for kvinna å gå gjennom ei ny behandling i lagmannsretten.
Fengselsdommen i Oslo tingrett var tre månader kortare enn det aktor bad om. Mannen vart også dømd til å betale 223.000 kroner i oppreising. Han erkjende ikkje straffskuld då saka var oppe for Oslo tingrett.
(©NPK)
Ankesaka skal opp for Borgarting lagmannsrett. Den er førebels ikkje fastsett. Illustrasjonsfoto: Trond Reidar Teigen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.