Journalist måtte ete sine eigne ord

(NPK-NTB): Washington Post-journalisten Dana Milbank lovde at han skulle ete ein av artiklane sine viss Donald Trump vann dei republikanske nominasjonsvala. No har han oppfylt lovnaden.

Trump vann ein nøkkelsiger i Indiana førre veke, der Ted Cruz valde å trekke seg slik at Trump vart ståande igjen som den einaste Republikanar-kandidaten. Det tok ikkje lang tid før Milbank tok imot e-post og Twitter-meldingar om at han måtte gjennomføre lovnaden, noko han sjølv skreiv om i ein artikkel i Washington Post onsdag førre veke.

Milbank følgde oppmodinga og forklarte lesarane korleis dette skulle skje. Sluttresultatet kan no nytast i form av ein videosnutt som avisa har publisert. Der et Milbank ein av artiklane sine.

Kokken Victor Albisu la til rette det spesielle måltidet og sydde saman ikkje mindre enn ni rettar med Milbanks ord som ingrediens. (©NPK)