Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs steig med 2 prosent fredag og enda på 588,05 poeng. Forklaringa på veksten er ein opptur i oljebransjen.
npk@npk.no
Publisert: 04.03.2016 kl 17:26
For veka under eitt har oppgangen vore på 5,7 prosent.
Riggselskapet Seadrill var den store vinnaren fredag med ein kursvekst på 38,9 prosent. Petroleum Geo-Services følgde på med ein oppgang på 16,1 prosent. Deretter følgjer Subsea 7, som går opp med 8,9 prosent.
Berre to selskap hadde fall blant dei mest omsette. Det var Royal Caribbean Cruises og Yara, som begge fall med 0,3 prosent.
Blant dei andre leiande europeiske børsane var stemninga òg positiv. FTSE 100 i London går opp med 0,8 prosent, mens Dax 30 i Frankfurt går opp 0,4 prosent og CAC 40 i Paris med 0,7 prosent.
Oljeprisen heldt òg fram oppgangen. Eit fat nordsjøolje vart fredag ettermiddag omsett for 37,6 dollar, mens eit fat amerikansk lettolje gjekk for 35,2 dollar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.