Klargjør siden...

Juniorskyttarane klarte sølv og bronse i EM

(NPK-NTB): Benjamin Thingsrud Karlsen sikra bronsen på 50 meter rifle 60 skot liggjande i junior-EM i skyting. I tillegg vart det sølv til det norske laget.

På sølvlaget skaut forutan Karlsen også Henrik Larsen og Vegard Nordhagen.

Sytten år gamle Karlsen frå Ullensaker sikra bronsen etter ein svært spennande finaleomgang, der han ei stund låg på andreplass. Han trua ein periode den suverene vinnaren, Istvan Peni frå Ungarn, men ungararen hadde den sterkaste avsluttinga og sikra gullet. Polakken Filip Smol kom òg føre Karlsen.

Henrik Larsen (Krapfoss) vart nummer tre i kvalifiseringa og vart åttandemann til slutt. Vegard Nordhagen frå Elverum vart nummer 19.

I lagkonkurransen var dei norske skyttarane berre 1,2 poeng bak gullvinnarane frå Sveits, mens det var så mykje som 7 poeng ned til laget på bronseplassen.

Fredag er det dei kvinnelege pistolskyttarane som skal avslutte sin konkurranse. Syttenåringen Trude Johansen frå Mysen ligg på ein 14.-plass etter skytinga torsdag. Ho er førebels tre poeng frå ein finaleplass. (©NPK)

Annonse