Annonse

Jurist: – Lite truleg at Blair blir stilt for riksrett

(NPK-NTB): Sjølv om Chilcot-rapporten er skarp i kritikken, blir Tony Blair neppe stilt for riksrett eller etterforska av Den internasjonale straffedomstolen, seier jurist Sofie Høgestøl.

– Ingen har blitt stilt for riksrett i Storbritannia sidan 1806, og det er lite truleg at dei vil gjenopplive den lova. Men dei siste vekene har vist at alt kan skje i Storbritannia, ser Sofie Høgestøl, stipendiat ved Det juridiske fakultetet på Universitetet i Oslo til NTB

– Familiane til soldatane som har blitt drepne, ønskjer ein rettsprosess. Men vi får vente og sjå kva det blir, seier ho.

Høgestøl seier at ho vart overraska over at sjefanklagaren i Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) allereie før helgen sa at ho ikkje kjem til å etterforske Tony Blair. Straffedomstolen kan enno ikkje opne prosessar for å straffeforfølgje angrepskrigar, den moglegheita vil først komme om nokre år, seier juristen.

– Sjefanklagaren sa også at ho vil vurdere om rapporten kan brukast til å stille soldatane for retten i Haag, og mange oppfattar det som å lesse ansvaret for krigen frå politikarane og over på soldatane, seier Høgestøl.

Dersom ICC opnar gransking av Storbritannias krigføring i Irak, vil det vere aller første gong ei stormakt og eit vestleg land blir etterforska. (©NPK)

Annonse