Juristar førebur klima-søksmål mot staten

(NPK-NTB): Ei gruppe juristar med høgsterettsadvokat Pål W. Lorentzen i spissen førebur ei rettssak mot staten dersom dei ikkje snur om oljeutvinning i nordområda.

Eit omfattande arbeid er i gang for å vurdere om regjeringa er i ferd med å bryte grunnlova etter at ho i fjor utlyste konsesjonar for oljeutvinning i Barentshavet.

– Gjennom Grunnlovas paragraf 112 er våre folkevalde rettsleg forplikta til å føre ein politikk som ikkje øydelegg kloden for dei neste generasjonane. Vi skal no arbeide med å greie ut kva for avgrensingar paragraf 112 legg på kva politikarane kan bestemme når det gjeld for eksempel oljeutbygging, seier Lorentzen til Bergens Tidende.

Han meiner politikarane har svikta befolkninga og at det er vil vere svært viktig at det gjennom ei rettssak vil bli trekt ei linje for kva for avgrensingar den aktuelle paragrafen set for handlingsrommet til politikarane.

– Mange set si lit til at denne avgjerda skal redde kommande generasjonar, seier den erfarne advokaten, som har støtte frå klimaorganisasjonar, kunstnarar og fleire tusen privatpersonar.

– Det er viktig for meg å understreke at det ikkje er tatt ut søksmål, og det er heller ikkje bestemt kva for advokatar som skal stille i ei eventuell rettssak. Det blir hundreårets rettssak i Noreg, seier Lorentzen. (©NPK)

Annonse