Klargjør siden...
Annonse

Juryen i Depp-Heard-saka møtest igjen

Dei sju jurymedlemmene i den høgprofilerte rettssaka mellom skodespelarstjernene Johnny Depp og Amber Heard møtest igjen tysdag.

Etter seks veker med rettsmøte og intens mediedekning var rettssaka over fredag. Der rettsmøta fokuserte på skuldingane om at Depp skal ha gjort seg skuldig i ei rekkje overgrep mot ekskona si medan dei var gift, skal juryen konsentrere seg om sjølve søksmålet for ærekrenkingar.

Depp saksøkte Heard for 50 millionar dollar for ein kronikk i Washington Post. Der beskreiv ho seg som «ein offentleg person som har opplevd vald i nære relasjonar». Depps namn vart ikkje nemnd, men han meiner innlegget sette ein stoppar for karrieren hans.

(©NPK)

Skodespelaren Johnny Depp har saksøkt ekskona si Amber Heard for 50 millionar dollar. Foto: Craig Hudson / AP / NTB

Annonse