Klargjør siden...
Annonse

Justisministeren om Ukraina-flyktningane: – Noreg skal vere ei trygg hamn

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) lovar ei rask avklaring på om Noreg vil gi kollektivt vern til ukrainarar som flyktar frå krigen, slik EU har gjort.

– Regjeringa er klar til å gi vern til dei menneska som er på flukt frå bomber i Ukraina. Vi kjem raskt til å sjå på detaljane i det EU har gått inn for og vurdere korleis vi skal innrette dette i Noreg, seier Enger Mehl til NTB etter møtet med EUs innanriks- og justisministrar i Brussel torsdag.

Der vart EU-ministrane samde om å gi mellombels, kollektivt vern til alle som flyktar frå krigen i Ukraina.

Enger Mehl lovar å komme med ei rask avklaring på om Noreg vil gjere det same.

– Vi er ikkje bunde av avgjerdene i EU, så vi kan gjere nasjonale tilpassingar. Men vi er innstilte på å vere ein del av den einstemmige solidariteten vi har sett i Europa, og som eg er veldig glad for å sjå, seier justisministeren.

Mehl meiner situasjonen vi no ser i Europa er ei humanitær krise med dimensjonar det er vanskeleg å fatte.

– Regjeringa vil stille opp og Noreg skal vere ei trygg hamn for dei som no opplever den russiske invasjonen og kjenner dette på kroppen.

(©NPK)

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl lovar at regjeringa raskt vil avklare om Noreg også kjem til å tilby kollektivt vern til ukrainarar på flukt. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Annonse