Klargjør siden...

Juventus risikerer poengstraff

Ein italiensk aktor ber om ni poengs straff og mellombels utestenging frå italiensk fotball for medlemmer av det tidlegare styret i Juventus.

Det melder mellom anna Gazzetta dello Sport frå ei høyring i saka fredag der påtalemakta vil opne opp saka.

Juventus er skulda for å ha verdisett og selt spelarar for høgare summar ein det dei eigentleg var verd. Den såkalla «plus-valenza»-saka har tidlegare vorte avvist av den italienske domstolen, sidan det er vanskeleg å avgjere kor mykje ein spelar faktisk er verd.

Juventus er også skulda av påtalemakta i Torino for ulovleg rekneskapsføring og uregelmessigheiter rundt overgangar i perioden 2018–2021. Denne saka førte til at heile styret i klubben trekte seg i slutten av november.

Juventus er akkurat no på tredjeplass i Serie A, men vil falle heilt ned til ein sjuandeplass om aktor blir høyrd.

I tillegg ber aktor om 16 månaders utestenging frå italiensk fotball for tidlegare Juventus-president Andrea Agnelli og 20 månaders utestenging for tidlegare sportsdirektør Fabio Paratici. Pavel Nedved, Paolo Garimberti og Maurizio Arrivabene risikerer også utestenging.

Den moglege straffa vil ikkje ramme Paraticis arbeid i den noverande stillinga si i Tottenham.

Andre klubbar er også tiltalte i saka, men risikerer ikkje like hard straff som storklubben frå Torino.

(©NPK)

Aktor ber om poengstraff for Juventus etter påstått økonomisk triksing. Her er Leandro Paredes frå torsdagens cupkamp for Juventus. Foto: Marco Alpozzi / LaPresse via AP / NTB

Annonse