Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kabintilsette i Norwegian i Noreg og Danmark har fått ein ny tariffavtale for dei neste to åra. Avtalen inneber moderat lønnsvekst. Norwegian-sjef Bjørn Kjos er fornøgd.
npk@npk.no
Publisert: 05.02.2016 kl 15:34
Kabinselskapa til Norwegian, Norwegian Kabinforening (NK) og Parat har forhandla dei siste månadene og blei fredag einige om den toårige avtalen som erstattar dagens avtale som går ut 31. mars.
Arbeidstakarorganisasjonen Parat opplyser at avtalen gir dei kabintilsette moderat lønnsvekst og ein stillingsgaranti som garanterer for eit tal tilsette innanfor tariffområdet. Kabinforeininga har gått med på meir fleksibel arbeidstid, og ei endring i forsikringsordninga som reduserer kostnadene til selskapet og fordelsskattlegginga for den enkelte medarbeidar.
– Avtalen som no er signert, gir oss trygge rammer og ein sikker veg vidare, seier leiar i Norwegian Kabinforening, Marit Lindén.
Norwegian-sjef Bjørn Kjos rosar forhandlingspartane og viljen til å bli einige. Han seier gode resultat blir resultatet når leiinga i selskapet og dei tillitsvalde setter seg ved forhandlingsbordet for å finne felles løysningar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.