Klargjør siden...
Annonse

Kallmyr går av – blir partnar i advokatfirma

(NPK-NTB): Jøran Kallmyr går av som statssekretær i Justisdepartementet og blir partnar i advokatfirmaet Ræder. Inn kjem tidlegare FpU-leiar Ove Vanebo.

Som Dagens Næringsliv melde torsdag skal Kallmyr få ansvar for å byggje opp og leie den nye avdelinga for offentleg rett og samfunnskontakt i selskapet. Kallmyr var partnar i selskapet før han vart statssekretær med særleg ansvar for asyl- og innvandringssaker.

Ny statssekretær blir Ove Vanebo, som til liks med Kallmyr er jurist. Den tidlegare leiaren i Framstegspartiets Ungdom vil ifølge DN ikkje overta Kallmyrs arbeidsoppgåver i den politiske leiinga i departementet. Den jobben går i staden til Vidar Brein-Karlsen, som har vore statssekretær for justisministeren i heile regjeringsperioden. (©NPK)

Annonse