Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Peter Tálos): Donatas Lukosevicius seier han er uskuldig i drap på Monika Sviglinskaja, innbrot og trugslar. På dag to i retten kalte han aktor dum og nektat å svare på mange spørsmål.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 19:19
– Truverdet i forklaringa hans vil jo samla sett ha betydning for utfallet av saka. Vi konstaterer at vi kan ta han i nokre uriktigheiter og at han slik sett ikkje er konsistent i forklaringa, seier aktor Benedicte Hordnes til NTB etter den tiltalte 34-åringen forklarte seg tyssdag.
Heile den andre dagen av rettssaka etter drapet på åtte år gamle Monika Sviglinskaja gjekk med til utspørringa av den tiltalte. Medan han veksla mellom å sitje og stå, heile tida med ein simultantolk ved sida, blei Lukosevicius på mange måtar drive frå skanse til skanse av den lågmelte statsadvokaten.
Først onsdag vil sjølve drapet på Monika bli tema under utspørringa av den tiltalte i Nordhordland tingrett.
– Men du er verkeleg dum, seier den tiltalte til aktor.
– Når han gjev ein slik karakteristikk i retten er det jo eit val han tek, seier Hordnes som ikkje vil prosedere saka før alle bevisa er lagt fram i retten.
Den 18. mai same året flytta dei saman, og i eit avhøyr Hordnes leste høgt frå, skildra 34-åringen dagen som den «lukkelegste på jorda».
– Livet og kvardagen saman med Kristina og Monika var eit stort steg for meg til lukke og familieliv, las Hordnes frå avhøyret.
Samstundes byrja grove brev om utpressing å dukke opp. Ukjente utpressarar forsøkte å få 38.000 kroner fra Kristina Sviglinskaja. Trugslane kom frå ein Martynas Nesvarbu.
Det er eitt av aliasa statsadvokaten meiner Lukosevicius sjølv har brukt for å truge Kristina Sviglinskaja.
Påtalemakta dokumenterte i retten tysdag at den tiltalte hadde eit vell av ulike kontoar på e-post, Skype og på Facebook, alle med det same passordet.
– Mistenkte ho tidlegare at du hadde sendt meldingane?
– Eg har ikkje høyrt det personleg frå henne. Det er mogleg ho nemnte det, forresten, men eg kan ikkje hugse at ho tok det opp med meg heilt konkret, sa Lukosevicius. (©NPK)