Annonse

Kamara deltek i Floyd-protestar: – Uaktuelt å ikkje gjere noko

Den norske fotballspelaren Ola Kamara har engasjert seg aktivt i protestane mot rasisme i kjølvatnet av dødsfallet til George Floyd.

– Eg drog til byen for å vise mi støtte til demonstrantane, og avsky mot eit system som opp gjennom historia har forsterka vald, misbruk og raseprofilering. Det same systemet har verna dei som har drepe svarte menneske med straffridom, seier Kamara til NRK.

Kamara speler for MLS-laget DC United, som høyrer heime i Washington. Han var på banen i begge seriekampane før koronaviruset sette ein stoppar for vidare spel. Han vart verande i USA etter at landet vart stengt.

Han seier han reagerte med sinne og frustrasjon då han første gong såg videoen av arrestasjonen av Floyd. Politimannen som sette kneet i nakken på Floyd i Minneapolis, er sikta for drap.

– Neste dag såg eg han att, denne gongen fylte tårekanalane seg opp. I det han sa «I can't breathe», så sleit eg sjølv med å puste, fortel Kamara.

Han fortel at han lyttar mykje til historiene til lagkameratane om rasisme og frustrasjon over det amerikanske systemet.

– Det gjer meg utruleg trist at det er sånn. Eg ønskjer aktivt å bidra til endringane.

(©NPK)

Ola Kamara under trening på Ullevaal stadion saman med fotballandslaget, før kampane mot Romania og Færøyane i 2019. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix.