Annonse

Kamp mot terror på agendaen på EUs utanriksmøte

(NPK-NTB-AFP): Etter førespurnad frå Frankrike skal dei 28 utanriksministrane i EU diskutere kamp mot terror på toppmøtet i Brussel måndag.

– Etter førespurnad frå Frankrike skal utanriksministrane i EU leggje til kamp mot terror på agendaen når dei møtest i Brussel måndag, uttalte EU fredag.

Frankrikes ambassade stadfestar på Twitter at dei har sendt førespurnaden.

Møtet kjem i kjølvatnet av åtaket i Nice, der minst 84 menneske blei drepne og 202 såra då ein lastebil køyrde inn i ein stor folkemengde på hamnepromenaden i byen torsdag kveld.

EU er òg uroa over terrortrusselen frå IS i Syria og Irak.

Utanriksministrane møter først USAs utanriksminister John Kerry, før dei skal halde interne samtaler om terror og problema i mellom anna Syria og Libya.

Møtet blir òg det første til den nyutnemnde britiske utanriksministeren Boris Johnson. (©NPK)

Annonse