Annonse
Annonse

Kampfly-motorar skal vedlikehaldast på Rygge

(NPK-NTB): Rygge militære flystasjon i Østfold får verkstaden som skal vedlikehalde motorane til dei nye F35-kampflya. Det vil gi kommunen mange nye arbeidsplassar.

Annonse

Rygge-ordførar Inger-Lise Skartlien (Ap) fekk beskjeden torsdag, melder NRK.

– Det betyr at vi får eit par hundre kompetansearbeidsplassar dei neste åra. Vi kan få tilflytting, større skatteinntekter og vi får statlege arbeidsplassar, seier ordføraren.

Det er AIM Norway som skal stå for vedlikehaldet. Selskapet er heileigd av Forsvarsdepartementet.

To andre alternativ vart også vurdert for plassering av verkstaden: Den militære flyplassen på Gardermoen og Eggemoen ved Hønefoss.

I desember vart det klart at AIM blir eitt av tre selskap som skal drive motorvedlikehald på F35 i Europa. I tillegg til i Noreg skal det skje i Nederland og Tyrkia.

– Dette er svært gledeleg og viser endå ein gong at norsk industri får anerkjenning for den kvaliteten og kompetansen dei kan levere, uttalte statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet då nyheita vart kjent. (©NPK)