Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Under den tradisjonsrike stortingsmiddagen på slottet er det, til liks med dei siste åra, skogens konge som står i sentrum på menyen.
Publisert: 26.10.2023 kl 20:00
Til forrett får gjestene servert rødbetcarpaccio me västerbottenost, urtesalat og grasløkmajones.
Deretter blir det servert kamskjel med sylta graskar, tomat og tomatbuljong.
Hovudretten i kveld er som dei siste åra elg frå Sikkilsdalen i Jotunheimen der den private eigedommen til kongefamilien, Prinsehytta, ligg. Elgen blir servert med plomme, løkterte, rosenkål og rødvinssjy.
Til dessert blir det servert rullekake med rips frå Bygdøy kongsgard, rose frå Mågerø og kvit sjokolade.
Stortingsmiddagen er ein lang tradisjon som først vart starta av kong Haakon i 1906. Middagen går i dag omtrent som då han vart innført for over hundre år sidan – med talen til kongen og svartalen til stortingspresidenten som høgdepunkt under middagen.
Årets middag blir han først der kong Harald ikkje deltek. Han er sjukmeld etter å ha fått påvist korona søndag. Dermed er det kronprinsregent Haakon som har rolla som vert under middagen.
(©NPK)