Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Augevitne fortel om fullt kaos ved skulen der ein mann gjekk til angrep med sverd i Trollhättan. – Folk gret og prøvde å springe gjennom sperringane, seier ein fotograf.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 11:44
– Det var fullstendig kaos. Fleire hundre menneske var ved hovudgata som går gjennom bydelen Kronogården. Folk gret og prøvde å springe inn bak sperringane, så politi og vakter hadde hendene fulle, seier fotograf Stefan Bennhage i lokalavisa TTELA.
Han kom til åstaden ein dryg halvtime etter hendinga og fortel at mange ambulansar og politibilar då allereie var på plass.
– Ein ambulanse klarte ikkje å bremse og køyrde rett inn i skuleveggen, seier Bennhage.
Fotografen seier han såg ein elev bli frakta inn i ein ambulanse. To ambulansar køyrde frå staden i full fart.
– Då eg drog derifrå, kom det framleis ambulansar, seier Bennhage. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.