Klargjør siden...
Annonse

Karl-Petter Løken blir generalsekretær i NFF – går kraftig ned i løn

Den tidlegare RBK-profilen og næringslivstoppen Karl-Petter Løken (55) er tilsett som generalsekretær i Norges Fotballforbund etter Pål Bjerketvedt.

Det opplyser forbundet i ei pressemelding.

Løken kjem frå jobben som investeringsdirektør i Aker Horizons. Som fotballspelar spelte han 36 landskampar, og han var ein sentral del av Rosenborgs suksesslag på 1990-talet.

– Med Karl-Petter Løken får vi ein generalsekretær med særs solid erfaring som både fotballmann og leiar. Vi er svært glade for at Karl-Petter blir vår neste generalsekretær, og at han ved dette tek steget tilbake i fotballmanesjen for fullt. Vi har hatt ein brei og grundig rekrutteringsprosess, og er heilt trygge på at vi har gjort eit godt val her, seier fotballpresident Lise Klaveness.

Næringslivstopp

Løken tok utdanning som sivilingeniør ved sida av fotballkarrieren i Rosenborg. Han har jobba for Lundin, Statoil og Norsk Hydro og var i mange år ekspertkommentator for NRK før han vart konsernsjef i Kværner ASA i 2018.

No gler Løken seg til å ta fatt på nye oppgåver i NFF.

– Fotballen har betydd mykje for meg gjennom heile livet, og eg vil seie at eg har eit lidenskapeleg forhold til han. Eg har mange gode opplevingar frå barnefotballen, frå tida som spelar på topp- og landslag, og som fotballpappa for eigne barn. Gjennom nær 20 år som ekspertkommentator i NRK kjenner eg også kvinnefotballen godt, både nasjonalt og internasjonalt, seier Løken og held fram:

– Norsk fotball er inne i ei spennande tid. Eg håpar å kunne bruke leiarerfaringa mi til å byggje ein endå sterkare organisasjon. No gler eg meg til å komme i gang.

Det er førebels ikkje avklart når han tiltrer den nye stillinga si.

Lønsreduksjon

Ifølgje VG går 55-åringen kraftig ned i løn når han tek NFF-jobben. Avisa skriv at skattelistene viser at han hadde inntekt på 7,8 millionar kroner i 2020. Klaveness fortel at Løkens løn som generalsekretær i NFF vil bli 1,95 millionar kroner, altså ein forskjell på 5,85 millionar.

– Det er betydeleg lågare enn tidlegare generalsekretærar, seier ho.

Forgjengar Pål Bjerketvedt hadde inntekt på 2,2 millionar kroner i 2020, skriv avisa.

(©NPK)

Karl-Petter Løken blir NFF-topp.
Foto: Terje Bendiksby / NTB

Annonse