Klargjør siden...

Karpe fekk Røde Kors' ærespris overrekt

Musikkduoen Karpe fekk overrekt Røde Kors-prisen under eit arrangement i Oslo fredag kveld.

Det var landsstyret i Noregs Røde Kors som vedtok å tildele prisen til Karpe «for deira mangeårige engasjement for mangfald, for oppvekstvilkåra for ungdom og for flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar».

– Røde Kors tildeler prisen til Karpe på grunn av engasjementa deira for fellesskapen. Karpe har med stort engasjement og truverd nådd fram med viktige bodskap og haldningar til heile befolkninga, på tvers av bakgrunn, etnisitet, religion og geografi, mellom anna med bruk av musikk og kultur i utradisjonelle kanalar og på nye måtar og uttrykk, seier Siri Hatlen, president i Noregs Røde Kors, i ei pressemelding.

Karpe består av Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid.

Tidlegare i veka gjorde Karpe det kjent at dei gjennom stiftinga si PAF har gitt ein million kroner til protese- og rehabiliteringsarbeid i Gaza, og starta ein Spleis.

– Vi kan hjelpe nokre av dei på beina igjen. Bokstaveleg talt. Dei minste barna skal vekse opp, og så lenge barn veks treng dei jamleg nye protesar, skreiv duoen på Instagram.

Fredag kveld var spleisen på over 3,6 millionar kroner.

Røde Kors-prisen er ei anerkjenning for betydeleg personleg innsats i humanitært og/eller sosialt arbeid nasjonalt eller internasjonalt i samsvar med Røde Kors' grunnidear. Prisen har den siste tida vore delt ut kvart tredje år.

Den offisielle prisutdelinga gjekk føre seg i Henry Dunant-salen i Røde Kors' lokale i Oslo. Salen er oppkalla etter han som i 1863 stifta Den internasjonale Røde Kors-komiteen.

(©NPK)

Chirag Rashmikant Patel (t.v.) og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid fekk Røde Kors-prisen fredag kveld. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse