Klargjør siden...
Annonse

Kasper Schmeichel klar for Nice

Den danske landslagsmålvakta Kasper Schmeichel forlèt Premier League og Leicester for fransk fotball og Nice. Han har spelt 478 kampar for Leicester.

Nice opplyser om overgangen på Twitter.

«Vi er avhengige av han for å nå måla våre», skriv klubben og omtaler den meritterte målvakta som ein viking.

35-åringen har spelt heile karrieren sin i Storbritannia og legg bak seg elleve år i Leicester. Han var med og vann det sensasjonelle ligagullet i 2015/16-sesongen. Klubben takkar målvakta på nettsidene sine.

– Eg veit at alle Leicester-supporterar deler respekten vi har for Kasper etter alt han har vunne, og eg ønskjer han lykke til vidare i karriere, seier styreleiar Aiyawatt Srivaddhanaprabha.

Det er ikkje kjent kor lang kontrakt dansken har signert.

(©NPK)

Kasper Schmeichel er klar for Nice i fransk fotball. Foto: Liselotte Sabroe / Ritzau Scanpix / NTB

Annonse