Klargjør siden...
Annonse

Katt funnet død i komfyr i Bømlo

(NPK-NTB): Ein død katt blei funnen inne i ein komfyr som var returnert til ei møbelforretning på Bremnes i Bømlo kommune.

– Spor tyder på at katten blei lagt inn levande. Det er kloremerke på innsida av komfyren, og vi trur han har døydd av oksygenmangel, seier operasjonsleiar Trond Børge Åsbu i Sør-Vest politidistrikt til NTB.

Ein av dei tilsette ved møbelforretninga gjorde funnet onsdag ettermiddag, men politiet veit førebels ikkje om det er den tidlegare eigaren av komfyren som har lagt katten der, eller om det har skjedd i ettertid.

– Det vi veit, er at komfyren heldigvis ikkje har vore i bruk sidan katten blei lagt inn, seier Åsbu.

Politiet har oppretta sak for brot av dyrevelferdsloven og spør etter tips. (©NPK)

Annonse