Klargjør siden...
Annonse

Keeper-legenda Buffon forlengjer kontrakt med Juventus

42-år gamle Gianluigi Buffon har signert ein eittårskontrakt med Juventus stadfestar klubben måndag.

Det er berre litt over eitt år sidan at dei italienske seriemeistrane annonserte heimkomsten til klubblegende og fan-favoritt Buffon.

Han heldt til eit år borte frå Juventus i fjor då han spelte 17 kampar for Paris Saint-Germain. Det tok ikkje lang tid før veteranen fekk heimelengsel og vende snuten tilbake til mellom stengene i Torino.

No kan «Gigi Buffon» runge gjennom gatene i den fotballglade byen i eitt år til. Når kontrakten går ut neste år, er det heile 20 år sidan han først spelte for Juventus. Med 669 kampar tronar Buffon øvst med flest kampar for dei italienske gigantane.

Endå ei legende blir

Men det var ikkje berre éi klubblegende Juventusfansen kunne juble over å behalde i eitt år til.

Kaptein Giorgio Chiellini har òg signert ein kontrakt til 2021.

Den italienske midtstopparen har på si side representert «den gamle dame» 509 gonger.

Klubblegendene vann den italienske serien saman sju gonger og den italienske cupen fire gonger.

(©NPK)

Klubblegenda Gigi Buffon blir i Juventus eitt år til. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix