Klargjør siden...

Kevin Spacey møtte i retten sikta for seksuelle overgrep

Hollywood-stjerna Kevin Spacey (62) avviste på det sterkaste skuldingane om seksuelle overgrep då han torsdag møtte i retten i London.

Rettsmøtet torsdag fann stad på bakgrunn av skuldingar om fire tilfelle av seksuelle overgrep, der Kevin Spacey står sikta for å ha forgripe seg på tre menn mot deira vilje.

Under rettsmøtet vart den tidlegare Oscar-vinnaren orientert om siktinga mot han. Spacey vart som venta ikkje fengsla. Han vart heller ikkje spurd om han erklærer straffskuld, men dette vil bli teke opp på neste rettsmøte som er 14. juli.

Advokat Patrick Gibbs sa etter rettsmøtet at Spacey på det sterkaste avviser skuldingane mot han. Spacey svarte ikkje på spørsmål frå pressa då han kom til rettslokalet.

Dei to første skuldingane om seksuelle overgrep stammar frå mars 2005 i London, og gjeld den same mannen, som no er i 40-åra.

Den tredje skuldinga dreier seg om ei hending som skal ha skjedd i London i august 2008 mot ein mann i 30-åra. I tillegg står Spacey siktet for å ha hatt seksuell omgang med vedkommande utan hans samtykke.

Den fjerde skuldinga gjeld ei påstått hending i Gloucestershire i Vest-England i april 2013, mot ein tredje mann i 30-åra.

Påstandane mot Spacey kom til overflata i kjølvatnet av Metoo-rørsla, då ein skodespelar hevda at Hollywood-stjerna hadde gjort tilnærmingar mot han på ein fest på 80-talet, då skodespelaren var berre 14 år gammal.

Spacey sa den gong i ei fråsegn at han ikkje hugsa hendinga, men unnskylda seg. Han har sjølv avvist skuldingane mot han.

(©NPK)

Kevin Spacey på veg inn til rettsmøtet i London torsdag. Foto: David Cliff / AP / NTB

Annonse