Klargjør siden...

Kevin Spacey tiltalt for overgrep i Storbritannia

Hollywood-stjerna Kevin Spacey har vorte tiltalt for seksuelle overgrep i Storbritannia og må møte i retten i London torsdag.

Britisk politi opplyser måndag at det er teke ut tiltale mot den amerikanske skodespelaren for til saman fire tilfelle av seksuelle overgrep mot tre menn i Storbritannia. Overgrepa skal ha vorte gjort i perioden 2003 til 2013.

Det var i mai at politiet tok ut sikting mot Spacey.

Karrieren til den 62 år gamle Oscar-vinnaren fall brått i grus i 2017 då ein skodespelar hevda at Spacey hadde gjort tilnærmingar mot han på ein fest på 80-talet, då skodespelaren berre var 14 år gammal. Spacey sa i ei fråsegn at han ikkje hugsa hendinga, men unnskylda seg.

Seinare stod fleire fram med skuldingar, og enkelte gjekk til søksmål. Uavhengige etterforskarar meiner Spacey drev utbreidd seksuell trakassering av personar som jobba under han.

Spacey har likevel ikkje vorte dømt for overgrep, og sivile søksmål mot han har vorte lagt bort.

(©NPK)

Annonse