Annonse

Kilde fekk det tøft i Bormio – Odermatt klart best

Aleksander Aamodt Kilde greidde ikkje kopiere palløpet onsdag og enda på 8.-plass i super-G-rennet i italienske Bormio torsdag. Marco Odermatt vann klart.

Kilde bomma mykje i løpet og var 2,15 sekund bak sveitsiske Odermatt i mål.

– Ein merkar frå første port at det ikkje stemmer heilt. Då er det vanskeleg å følgje planen. Det er vanskeleg å finne rett setup når det er så hardt som i dag. Det er ein jobb å gjere på is og i super-G, sa Kilde til Viaplay.

Odermatt herja med resten av eliten då han suste ned til ein klar siger. Han
gjorde nærast ingen feil og leverte ei kjempetid på 1.29,27.
– Det var kanskje det beste super-G-løpet mitt nokosinne. Eg hadde ei god kjensle med snøen. Det var ei veldig vanskeleg løype, men ho passa meg veldig bra, sa Odermatt.

Med sigeren tok han også mange verdscuppoeng på Kilde.

– Det er mange løp igjen, konstaterte Odermatt.

Austerrikaren Vincent Kriechmayr var nærast, 64 hundredelar bak, medan Odermatts lagkamerat Loïc Meillard køyrde ned til sin første pallplass i super-G.

Kilde vart nummer tre i utforrennet i Bormio onsdag. Han vann super-G-konkurransen i Bormio i fjor, men etter å ha vist god fart på toppen tapte Kilde mykje i siste parti og var langt bak.

Kilde står med éin super-G-siger denne sesongen. Den kom i amerikanske Beaver Creek tidleg i desember. Nordmannen har totalt fire sigrar denne sesongen, der dei tre andre har komme i utfor.

Adrian Smiseth Sejersted køyrde allereie frå startnummer tre. Han hadde tidleg god fart, men mot slutten tapte han mykje. Bærumsguten enda som nummer elleve.

Markus Nordgaard Fossland enda på 32.-plass, 4,05 bak Odermatt.

(©NPK)

Aleksander Aamodt Kilde var eit stykke bak dei beste i super-G-rennet i italienske Bormio torsdag. Foto: Marco Trovati / AP / NTB

Annonse