Annonse

Kilde med på klimakampen til alpinistane: – På tide å ta opp eit skikkeleg viktig tema

Aleksander Aamodt Kilde (30) er med på å fronte den nye berekraftskampanjen til alpinistane mot Det internasjonale skiforbundet (FIS).

– Det er på tide å ta opp eit skikkeleg viktig tema, sa Kilde til nyheitsbyrået AP.

Med tittelen «Idretten vår er truet» sende 143 alpinistar eit brev til FIS-president Johan Eliasch, der dei hevdar at den noverande berekraftsinnsatsen til idretten er «utilstrekkeleg».

I spissen for kampanjen står den amerikanske superstjerna Mikaela Shiffrin. Ho er kjærast med det norske fartsfantomet.

– Vi ser at verda er i endring. Vi ser også effekten av idretten vår … Eg vil at framtidige generasjonar skal oppleve vinteren og ha høve til å gjere det same som eg gjer, sa Kilde.

Alpinistane viser til at ei rekkje renn har vorte avlyste på grunn av mangel på snø, at det er færre treningsalternativ før sesongen «fordi isbreane smeltar i eit skremmande tempo» og at dei ikkje får produsert kunstsnø på grunn av stigande temperaturar.

Dei skriv også at dei meiner at skisporten heller mot å vere uforsvarleg.

Må gå føre

– Derfor må vi i vinteridretten gå føre i kampen mot klimaendringane og gjere idretten vår klimanøytral så snart som mogleg. For å gjere det treng vi progressive organisatoriske handlingar, står det i brevet.

– Dette er vårt viktigaste renn, la oss vinne det saman, står det vidare.

Utøvarane har komme med ei rekkje klimamål som dei ber FIS om å etterleve.

Blant krava ber dei om at sesongstart i verdscupen blir flytta til slutten av november, i motsetning til den noverande alpinsesongen som startar i Sölden i oktober.

Alt på éin tur

Dei krev også at det blir gjort ein innsats for å kutte karbonutsleppa ved å lage «ein geografisk rimelig løpskalender», slik at renna i Nord Amerika blir gjennomført på éi reise, noko dei hevdar vil redusere utslepp av omtrent 1.500 tonn CO2.

I årets verdscupkalender vart det lagt opp til at alpinistane skal køyre i Nord Amerika i to periodar, med nesten tre månaders mellomrom.

(©NPK)

Aleksander Aamodt Kilde er med på å fronte den nye berekraftskampanjen til alpenistane. Foto: Lise Åserud / NTB